Tussa er kåra til årets Get Partnar!
På partnarsamlinga til Get i Oslo måndag 28. november vart Tussa IKT kåra til Årets Get Partnar. Tussa kom på topp 4 på alle kriteria og stakk av med samanlagt siger.
Årets Get partnar er den partneren som samla sett har gjort det best i 2011, ut i frå desse kriteria:
– Tal nye oppkopla TV husstandar i 2011
– Vekst i oppkopla husstandar i 2011 målt i prosent (IB 2011 – 31. OKT)
– Penetrasjon HD PVR
– Tal selte filmar i 2011 målt i prosent per kunde per mnd. i Get Filmleige
Get har til saman 17 partnarar som konkurrerte om tittelen. Det vart svært likt på toppen, der tre poeng skilte mellom tredje- og førsteplass.
1. plass: TUSSA IKT
2. plass: Eidsiva Bredbånd
3. plass: Delt mellom Trønder Energi Loqal og Enivest
Ivar Driveklepp mottok gullhjelmen i NRK sine lokale på Marienlyst. Olve Øyehaug – prosjektleiar for fiber, Helen Sellevoll – partnaransvarleg for Get og Steinar Hauge – salssjef for fiber, var også tilstades.
– Vi er svært fornøgd og stolte over å bli årets Get partnar. Dette viser at vi har eit godt partnarskap og samarbeid med Get, samstundes med av vi har offensive og framoverretta personar i fiberprosjektet, med Olve Øyehaug i spissen, fortel Ivar Driveklepp, adm.dir. i Tussa IKT.
Driveklepp legg også vekt på at salsmiljøet frå EDO (Nå LADEGAARD Norge AS) med Steinar Hauge i føringa gjer ein god jobb.